Startpage





download musicfile

Vår jord er di
Doggfall i ein dal : dikt 1966.



VÅR JORD ER DI

Du elv, som ligg og breier deg så blid
ein solblå sommardag i våre dalar,
som mildt med dine leirgrå strender talar,
di falske tunge trulaus glett og glid.

For du kjem att på rov ei uversrid.
Når regnet vell, når stormen gjel og hjalar,
då duvar døden i det rols du radlar.
Du gløyper jord og heimar så det svid.

Så står dei gråe gavlar der og grin.
Du syng åt gras og skog at dei skal dekkje
og atter løyne godt udåden din.

Men likevel: Du i vårt sinn kan vekkje
så mjuke tankar at dei ligg og skin,
og vi må venskaps hender mot deg strekkje.

Frå urtids natt du kraup or isen fram,
og dalen, det var du og isen berre;
men etter kvart du gjorde deg til herre
og reiv laus stein og sand og laga dam.

Du stal av steinen mjøl i bergekam,
og inga makt din veg mot hav fekk sperre,
du grov og song og mol i fjell alt verre
og fyssa gjennom klufter gul og gram.

Slik sleit du på i millionar år.
Men ingen lærde deg ein dag å tvile,
og difor tek du stortak haust og vår.

Du speglar sol. Kor blått du tidt kan smile,
av ungdom yr, av alder sterk og sår.
Vår jord er di; og du vil aldri kvile.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.